Hille – øya lengst ute i havgapet
Ein unik stad for ro og stillheit
Eit eksklusivt opphald på di eiga øy
Øya ligg med havet i vest og Sognefjorden i nord, om lag to timar frå Bergen. Her finn du ro, stillheit og natur på sitt mest storslåtte – langt unna kvardagen.
Midt i det opne landskapet, omgitt av hav, små øyar og med utsikt mot den majestetiske Sognefjorden, ligg det arkitektteikna huset – perfekt plassert for å gi deg ei heilt unik og skjerma oppleving. På øya bur berre to fastbuande som driv ein sjarmerande gard med sauer, hestar og høner, noko som gir staden eit levande, men fredfullt preg.
Vakn til lyset frå horisonten og nyt morgonkaffien i senga medan du ser ut over havet og Sognefjorden. Når kvelden kjem, kan du senke deg ned i den private jacuzzien og oppleve solnedgangen i all si prakt. Kanskje har du gått ein tur på den vakre øya tidlegare på dagen. Eller kanskje du søkk ned i den gode sofaen og nyt den knitrande peisen medan vind, regn og snø piskar mot vindauga på vinterstid.
Du kan bestille heimelaga måltid frå Eva, eller ta med og lage dine eigne rettar på det velutstyrte kjøkenet. Eit nøye utvalt utval av drikke er tilgjengeleg på staden – frå champagne og vin til norsk sider og meir – alt for å løfte opplevinga.
Hille Island Retreat er skapt for deg som søkjer avslapping, nærleik til naturen og romantikk i ei heilt unik ramme.
Se fler bilder i galleriet.
Stillheit og luksuriøs komfort
Huset er triveleg innreidd i moderne nordisk stil, med store vindauge og utsikt i alle retningar.
Soverommet ligg i andre etasje, medan det i første etasje er ei romsleg stove med peis, spisebord, fullt utstyrt kjøken og bad.
Nyt utsikta frå den varme jacuzzien i solnedgangen – eller kanskje frå lenestolen ute med eit saueskinn, eller frå sofaen inne framfor den knitrande peisen.
Her er det plass til opptil seks personar.
Sjå fleire bilete i galleriet.
Kort og enkel veg til Hille
Trass i at Hille er ei øy utan vegsamband, kan de kome hit på under to timar med ekspressbåt frå Bergen.
Med bil og lokalbåt frå Bergen tek turen om lag 2,5 timar. Frå Førde tek det om lag 3 timar med bil og lokalbåt. Frå Bergen lufthamn tek det om lag 2,5 timar med bil og lokalbåt.
Vi hjelper gjerne med nøyaktig vegskildring før ankomst, uansett kvar de kjem frå.
Sjå fleire bilete i galleriet.
De vel servicenivået sjølve!
De kan bestille alle måltid, eller berre dei måltida de ønskjer. Menyen består i stor grad av lokalprodusert mat. Menyen finn de her >>>
Ønskjer de å lage maten sjølve? Kjøkenet er godt utstyrt for det. Kjøleskap, frysar, koketopp, mikrobølgjeomn, kaffitraktar, servise, panner og glas er tilgjengelege.
Noko godt å drikke? Vi har eit utval av fantastiske vinar, verdas beste Hardanger-sider, øl og mineralvatn i kjøleskapet.
Alt nødvendig servise er tilgjengeleg. Sjølvsagt er det innlagt både kaldt og varmt rennande vatn på kjøkenet og badet. På badet finn de alt de treng, bortsett frå tannbørste. Handkle, dusjsåpe, sjampo, balsam, body lotion og tannkrem – alt er på plass.
På Hille møter vi dykk på kaia og følgjer dykk til glampingen.
Vi ventar på dykk og køyrer dykk opp til glampingen, så det er ikkje mange metrane å gå.
Velkomne!
Vi er glade for å ha dykk som gjester!
Svein og Eva
Ta med den du er glad i på ei romantisk og minnerik oppleving i vakre omgjevnader
Vi gler oss til å ta imot dykk på Hille!
Kontakt oss
Du kan kontakte oss på telefon, e-post eller via Facebook-sida vår.
hillesau@outlook.com
907 72 941
Hille 5,
5978 Mjømma