Sjølvforsynt og økologisk på vakre Hille øybruk

Det gode bondelivet på Hille

Økologisk og sjølvforsynt

På vakre Hille driv Svein Jarle Vatnøy og Eva Hägglund gardsbruk, og dei lever det gode, sjølvforsynte livet. Øybruket har vore i Svein si slekt heilt tilbake til 1600-talet. Her dyrkar dei grønsaker, fiskar kreps, fisk og hummer, og plukkar blåbær og tyttebær på fleire av øyane som høyrer til Hille.

På Hille Økologiske Gardsbruk lagar dei pinnekjøt, fenalår og ulike stykningsdelar av villsau. Svein Jarle og Eva sel også saueskinn, og hønene på garden gir herlege økologiske egg.

Frittgåande dyr

Med både villsau, lam, islandshestar, høner, hundar og kattar på garden er det liv og røre heile året, og dyra nyt godt av naturressursane som finst på øybruket.

Hille øybruk består av meir enn 50 små øyar og holmar, og på fleire av desse kan sauene beite. Ved å svi lyngen på øyane med jamne mellomrom blir det gjeve rom for at frisk lyng kan vekse fram. Dette er hovudsakleg for at sauene skal få best mogleg næring, samstundes som kulturlandskapet blir teke vare på.

Villsau skapt for øybruk

Villsauen er skapt for å leve i slike område, og lyngheiene på øyane gjorde Hille til ein naturleg stad å drive gard. Villsauen er lettbeint og hardfør, og klarer lamminga fint på eiga hand. På Hille får han leve fritt i naturen og beite på lyng, gras, tang og tare.

Den flotte naturen på Hille er avhengig av at gardsdrifta blir driven på tradisjonelt vis, i det verdifulle kulturlandskapet langs Norskekysten.

Hille Økologiske Gardsbruk ligg i Ytre Gulen – lengst ute i havgapet ved Sognesjøen.

103380098_1116784642030228_3680422113459575612_o.jpg