Book overnatting på Hille Island Retreat
Hille Island Retreat – ei luksuriøs overnatting i vakre omgjevnader
Øya ligg med havet i vest og Sognefjorden i nord, om lag to timar frå Bergen. Her finn du ro, stillheit og natur på sitt mest storslåtte – langt unna kvardagen.
Midt i det opne landskapet, omgitt av hav, små øyar og med utsikt mot den majestetiske Sognefjorden, ligg det arkitektteikna huset – perfekt plassert for å gi deg ei heilt unik og skjerma oppleving. På øya bur berre to fastbuande som driv ein sjarmerande gard med sauer, hestar og høner, noko som gir staden eit levande, men fredfullt preg.
Vakn til lyset frå horisonten og nyt morgonkaffien i senga medan du ser ut over havet og Sognefjorden. Når kvelden kjem, kan du senke deg ned i den private jacuzzien og oppleve solnedgangen i all si prakt. Kanskje har du gått ein tur på den vakre øya tidlegare på dagen. Eller kanskje du søkk ned i den gode sofaen og nyt den knitrande peisen medan vind, regn og snø piskar mot vindauga på vinterstid.
Du kan bestille heimelaga måltid frå Eva, eller ta med og lage dine eigne rettar på det velutstyrte kjøkenet. Dersom du ønskjer å lage maten sjølv, finn du det du treng for enkel matlaging, mellom anna kjøleskap, ein liten frysar, to kokeplater med vifte, mikrobølgjeomn og kaffitraktar. Alt nødvendig servise og kjøkenutstyr er tilgjengeleg.
Det er sjølvsagt innlagt både kaldt og varmt rennande vatn på kjøkenet og badet.
Eit nøye utvalt utval av drikke er tilgjengeleg på staden – frå champagne og vin til norsk sider og meir. Alt er lagt til rette for å løfte opplevinga. Drikka vel du på staden og betaler ved utsjekk, og ho treng ikkje førehandsbestillast.
Hille Island Retreat er skapt for deg som søkjer avslapping, nærleik til naturen og romantikk i ei heilt unik ramme.
Sjå fleire bilete i galleriet.
INFO
Avbestillingsreglar:
Dersom de ikkje kan kome og avbestiller overnattinga 14 dagar eller tidlegare før ankomst, får de 100 % av betalinga tilbake.
Ved avbestilling mellom 8 og 13 dagar før ankomst får de 50 % av betalinga tilbake.
Ved avbestilling 7 dagar eller kortare tid før ankomst blir de belasta 100 % av opphaldet.
Vi ser fram til å få dykk på besøk, og vil gjere vårt aller beste for at de skal få eit fantastisk opphald hos oss på Hille.