121464491_1218092625232762_9039616769658163784_o.jpg

Lengst ute i havgapet ved Sognesjøen ligg øybruket Hille, der naturen og havet spelar på lag med økologisk jordbruk

Vi bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Hille øybruk

Hille øybruk består av meir enn 50 små øyar og holmar, og på fleire av desse kan sauene beite. Ved å svi lyngen på øyane med jamne mellomrom, blir det gjeve rom for at frisk lyng kan vekse fram. Dette er hovudsakleg for at sauene skal få best mogleg næring, samstundes som kulturlandskapet blir teke vare på.

Overnatting på Hille Island Retreat

Opplev ro, stillheit og storslått natur på ei øy lengst ute i havgapet. Hille Island Retreat byr på ei unik overnatting med utsikt mot havet og Sognefjorden, privat jacuzzi og eit arkitektteikna hus omgitt av vakker vestlandsnatur.

Her kan du senke tempoet, nyte solnedgangen, vakne til utsikt over fjord og hav, og finne den gode kjensla av å vere heilt borte frå kvardagen.

Ei perfekt oppleving for par, livsnytarar og alle som ønskjer ei heilt spesiell overnatting.

Naturen er heile nøkkelen

Villsauen er skapt for å leve i slike område, og lyngheiene på øyane gjorde Hille til ein naturleg stad å drive gard. Villsauen er lettbeint og hardfør, og klarer lamminga fint på eiga hand. På Hille får han leve fritt i naturen og beite på lyng, gras, tang og tare.

Den flotte naturen på Hille er avhengig av at gardsdrifta blir driven på tradisjonelt vis, i det verdifulle kulturlandskapet langs Norskekysten.

Det gode bondelivet på Hille